Forfattar er professor i nyskaping, Dag Jørund Lønning


Han står også bak suksessane Jordboka (2017), Jordboka II (2019) og Kompostboka (2020). Desse bøkene opna det fantastiske molduniverset og introduserte det regenerative/naturbyggjande jordbruket for eit norsk publikum.


Lønning er i dag rektor ved Høgskulen for grøn utvikling (HGUt) på Bryne. Han har ein dr. philos. – grad i prosessfilosofi ved NMBU og eit hovudfag i sosialantropologi ved UiB. Han har vore knytt til EU-kommisjonen som entreprenørskapsekspert i mange år, og har i Noreg vore utnemnd til både Årets bygdeprofil, Årets landbruksbloggar og Årets meitemark. 


Han er også ein svært populær foredragshaldarar, og kombinerer teoretisk kunnskap med praktisk erfaring som bondeson frå garden Lønning på Stord og småskala jordbrukar (saman med kona Anne-Mette og borna Mikkjell og Maia) frå Sotra, Kviteseid, Skaun, Jæren og Bømlo.


Losebøkene blir ført i pennen i skrivestova Løynli ved ein tidvasstraum på Bømlo. Midt i øyriket.


Her kan du møta Lønning i Sommar i P2


For ordens skuld: Både hanen Sindre og hunden Spretten er med i Første Losebok. Det er også den gamle skjærgardsjeepen Afzelius.