Innhaldsliste Første Losebok (med litt ekstra informasjon i parentes)


Prolog: Om korleis Mor Natur tvinga mennesket i kne. Og om det utrulege som hende etterpå (Kor mykje skal til for at folk med makt tek til vitet? VELDIG mykje! Men når dei først gjer det, ja då kan det skje store ting)


Dagen geipen datt ned på Torleiv Podlen (Denne fiskarbonden er vanlegvis stoisk roleg. Men i dag får han tidenes sjokk. Og ingenting blir nokosinne det same etterpå)


Eksistensielle betraktningar om kikkertkikkarar langs ein fjord (Mot kven rettar representantane for flokken sine moralske blikk? Mot ho som lever livet i rundkøyringa? Eller mot ho som søkjer ut av den?)


Grøntidslosen og medhjelparane summerer opp kvifor verda gjekk til dunders (Ja, det går veldig godt an å forklara kvifor Katastrofetida kom. Og kva er eigentleg framsteg når ein står på kanten av eit stup?)


Ascendere Promoveo oppdagar at det ikkje finst skilta snarvegar til Utopia (Planlegging er oppskrytt. Endringane går altfor fort uansett; planen er avleggs før den er ferdig. Men eit vegkart til framtida er nyttig. Her lærer du å laga eit)


Dagen startar med buldring og sluttar med ul. Innimellom møter Sara Tustra på Tåskahåve og fortel om forvandlingar frå det eine vesenet til det andre (Kapitteltittelen seier det meste, men gløymer slabbedaskar, pale-øl og løver. Og ikkje minst kvifor det definitivt er lettare å fortella skikkelege historier i Grøntida)


I sjølv den minste skog kan ein studera det største av alt (Sjølvsagt kan me kommunisera med andre artar. Me treng berre å læra Naturanto først)


Å forelska seg i høymol (Den som blir forelska i det industribonden har blitt opplært til å hata, har lært noko vesentleg både om natur og menneske)


Komledarreskviken på Skvalpisku og den store løyndomen om arten mennesket (Dette er kapittelet der du ler, grin, gispar, forbannar, resignerer og mobiliserer. For her kjem svaret på dei største av alle gåter. Til dømes det vondes problem.. Men akkurat hermafroditt-teorien fell diverre steindau til jorda)


Saman kvar for oss. Småprat på Naturanto og litt om det sosiale potensialet i ulydar frå daud sild (Menneske klappar på seljetre, filosoferer over kvifor blå og og raude fiskar eigentleg er dei same, snakkar til lysande plankton, lengtar med rekved, og tutar i tomme auge. Feirar, gjer dei og. Det finst gode grunnar)


Det blir rusta til kamp mot naturanalfabetismen (Heile livet har du blitt fortalt kor viktig det er med "fakta". Beklagar, men i dette kapittelet får du fortalt kvifor alt du har blitt fortalt var løgn)


Eit joleevangelium for Grøntida (Skal forbrukarjula dominera til dommedag? Du svarar nok nei, men er du klar for konsekvensane av det svaret?)


Epilog: Homo satorem. Det såande mennesket (Er det mogleg å førestilla seg at det mest haustande av alle vesen faktisk kan bli det motsette? "JA!" ropar Ascendere (Grøntidslosen), Sindre (hanen), og Tia og Spretten (hundane). Med det går dei i gang med Andre Losebok)