Dei fem tidsaldrane i mennesket si historie


Urtida. Små grupper av jegerar, fiskarar og sankarar levde nomadisk av det naturen hadde å by på av. Gjennomsnittleg nytta urtidsmennesket berre 15 til 20 timar i veka på å skaffa seg føde.


Lokaltida. Mennesket lærte å dyrka og avla fram eigen mat. «Bonde» tyder fastbuande. Den fastbuande i Lokaltida måtte tilpassa seg den lokale naturen sine rammer og grenser for å overleva. Overforbruk eitt år førte til naud året etter.


Skamtida. Mennesket vart Erobrar og såg naturen som til for seg. Den lokale bonden forsvann og blei erstatta av masseindustri. Liv blei behandla som daud materie. Avfallsberga vaks, medan naturområde, økosystem og artar forsvann i akselererande tempo. Forbrukaren var aldri nøgd. Måtte alltid ha meir, større, nyare, betre..


Katastrofetida. Konsekvensane av mennesket sine mange åtak på naturen vart synlege. Mor Natur slo tilbake med veldig kraft. Liding, daude og mørke senka seg over menneskja. Institusjonane som ramma inn Skamtida og forbrukarsamfunnet vart liggjande att i ruinar.


Grøntida. Tida etter Det Store Vedtaket, det som i praksis gjer vidare nedbygging av natur ulovleg. Mennesket må, som alle andre artar, utvikla ei konstruktiv og skapande rolle i naturen. Grøntidslosen Ascendere Promoveo leiar arbeidet med å utvikla denne rolla.