Me lever i ei tid der Mor Natur slår tilbake mot Mennesket Erobraren med stadig sterkare kraft.
Farlege virus- og soppsjukdomar spreier seg lynraskt på tvers av bygd, by, land og kontinent. Antibiotikaresistens trugar generasjonar med medisinske framsteg. Katastrofale stormar, flaumar og tørkeperiodar valdar meir og meir skade for kvart år som går.
Likevel held åtaka på naturen fram med uminska styrke. Trua på evig vekst og forbruk er vår tids dominerande religion. Vår tiljubla «nye teknologi» – den mennesket i fleire tusen år har meint skulle «redda oss» – gjer oss til meir og meir effektive utsugarar av naturressursar. Me haustar no fleire gongar det naturen evnar å fornya. Som konsekvens kollapsar livet rundt oss. I havet, i skogane, på heiane, i molda og på dei store grasslettene.
Internt i menneskesamfunnet herjar meiningsløysa. Monokultur og einsretting fortrengjer mangfald. Nytenkjarar blir hundsa og trakasserte - i stadig fleire kanalar. Psykiske lidingar har blitt folkesjukdomar. Trua på den gode framtida kollapsar. Fleire og fleire unge kvir seg for å setja nytt liv til verda.
Menneskeætta er på ein livsfarleg blindveg.
Men me kan framleis skifta retning! Mennesket er eit veljande vesen, og rommet for å velja annleis er alltid til stades. Den grøne Vegen er endå ikkje tapt. Den blir synleg gjennom vilje til endring; av verdiar, mål, haldningar og handlingar.
Losebøkene syner kvar denne Vegen går og kor den leier.
Copyright © Dag Jørund Lønning 2021