Losebøkene riv Mennesket Erobraren ned frå pidestallen


At mennesket står over anna liv, er ei uhyre seigliva og livsfarleg løgn. Den har vore med oss sidan Mosebøkene. Det var den som leidde fram til Katastrofetida.


I røynda har mennesket aldri hatt retten til å fortrenga andre levande for å fremja eigne interesser. Den "retten" har me rana til oss.


Det naturnære menneskesamfunnet er tufta på aktivt samarbeid med livet rundt oss. På heilskaplege og fungerande økosystem, så vel som på fridom, trivsel og livskvalitet.


Losebøkene viser Vegen mot ein meir moden menneskeart.


Kvart kapittel tek opp eksistensielle utfordringar som vedkjem alle menneske. Kvart kapittel viser og at "utviklinga" slettes ikkje "må gå sin gang", men at alt eigentleg kan vera heilt annleis. Og at kvart menneske kan vera ein endringsaktør.


Losebøkene høver ikkje innanfor nokon etablert sjanger. Forfattaren måtte faktisk koma opp med ein ny: "Filosofisk scenarieroman".


Kva er så det?


Vel, her møtest diktarkunsten og prosessfilosofien, eksistensialismen og den kompostmoderne filosofien, mold- og naturinnsikta, humoren og alvoret, antropologien og idéhistoria. Alt innanfor ramma av nyskapingsfaget.


Det heile blir knytt saman av forvitenskap, stor forteljarglede og ei grunnleggjande tru på livet som prinsipp - motoren i den evigheitmaskin me kallar "natur".


Bøkene er rikt illustrerte i fargar. @Bodvard Klonk sine bilde fortel eigne historier.